Nærings- og forretningsutvikling - Business development

Forretningsutvikling inkluderer teknikkar designa for å skape vekst i ei næringsverksemd.


Bruk nettet

Vi har i dag ein regional kultur.  Medlemane i Stranda blandakor kjem ikkje berre frå Stranda, men frå ulike bygder og kommuner i regionen vår. Fotballspelarane på Flø trenar på kunstgraset på Høddvoll og kjem frå heile regionen vår. Det finns sikker ein fløssing på laget, men dei er i fåtal.  Sande sogelag med fotografisamlinga til Olav Storegjerde har interesse langt utover Sande kommune.

Hobbyar og fritidsaktivitetar er stort sett regionale. Am-car interessa i bygdene våre spenner frå Kvalsvika til Brandal, frå Eiksund til Larsnes og langt inn i fjordane. Tindeklatring i Sunnmørsalpane har interesser langt utover både kommunale grenser og landegrenser.

Ålesund - byen vår - har eit mangfold av kulturliv med eit uttal av lag og organisasjonar som fyller jugendhus og "danskeferger" med liv og innhold.


Kommunikasjon

Gutelaget til Hessa eller speidarane i Ulsteinvik vil ha vanskar med å gi sine medlemer fellesmeldingar ved å bruke tradisjonelle løysingar slik som plakat på butikken eller oppslag på telefonstolpen. Nærbutikken er lagt ned og dei gode gamle trestolpane er bytta ut.

Ein annonse i lokalavisa vil i mange tilfeller ikkje vere nok, og det tek for lang tid å nå ut med bodskapen. Utsending av brev er både arbeidskrevande og kostnadskrevande. Dessutan er posten mange stadar lagt ned.


Profilering og informasjon: Ja takk, begge deler

Nettside gir ekstern profilering og intern informasjon. Ved å bruke internett som informasjonskanal blir kvalitet og presisjon på informasjon langt betre. Ved å legge ut artiklar, meldingar, presentasjon av sin organisasjon, vil ein bruke mindre ressursar på å administrere laget.

FolkeWebKultur

Osbergvegen 1
6065 Ulsteinvik

Tlf.70009616
Faks 70009615
post@folkeweb.no